Er du vår nye kollega?
Er du rekneskapsførar og bur i Lærdal, Årdal, Sogndal eller Leikanger? Eller kanskje freistar det med fjord og fjell rett utanfor døra? Me har no ledige stillingar ved våre kontor.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som ynskjer å sjå framover, vekk frå den tradisjonelle bilagsføringa, og over til meir moderne rekneskapsrådgjeving. Som rekneskapsførar spela du ei viktig rolle som støtte og samarbeidspartnar for eit vidt spekter av kundar, frå primærnæring til lokale bedrifter. Ved å vere tett på kundane og gi rettleiing, bidreg du til vekst og utvikling i det lokale næringslivet.
Sjølv om tal er viktig, er økonomi mykje meir enn berre tal. Rekneskap og økonomifaget er praktisk og krev at du løftar blikket, er nysgjerrig og tore å stilla spørsmål. Det er ikkje alltid klare svar, og det er nettopp det som gjer jobben vår så interessant.
Som rekneskapsførar i Økonomiservice så ser du verdien av å nytte deg av nye automatiserte måtar å jobbe på. Du må være slik som oss, glad i å samarbeide og du trur på at det å dra nytte av kvarandre så oppnår ein suksess. Du likar å jobbe tett på kundane dine, og du veit når dei har kjøpt seg ny bil, kva farge dei har på traktoren og om dei hadde fiskelykka med seg når dei var i Lofoten i forrige veke. Du trivs med varierte arbeidsoppgåver og du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Til kontoret i Sogndal eller Leikanger er me på jakt etter deg som er:
rekneskapsførar (gjerne statsautorisert) og/ eller har lang erfaring innan lønn (1 stilling)
Til stillingane i Årdal og Lærdal er me på jakt etter deg som er:
rekneskapsførar eller har erfaring innan lønn og fakturering (1 stilling)
statsautorisert rekneskapsførar (1 stilling)
Kva kan me tilby?
Gode kollegaer som er oppdatert på fag, primærnæring og forretning
Allsidig arbeidskvardag som gir deg moglegheit til å utvikla deg samtidig som du har ein trygg og stabil arbeidsplass
Umiddelbar nærheit til fjell og fjord
Kontorstad Lærdal, Årdal, Sogndal eller Leikanger
Fleksibel arbeidstid
Heimekontor
Bli ein del av Noregs Største franchisekjede ØkoRåd Vekstra
Om oss:
Økonomiservice er eit rekneskaps- og rådgjevingsfirma med kontor i Lærdal, Årdal, Sogndal og Leikanger. Selskapet har 30 tilsette, og er ein del av Noregs største franchisekjede ØkoRåd Vekstra
SAMAN SKAPAR ME VERDI - gjennom å vere Tett På - Løysingsorienterte - Framtidsretta
Søknadsfrist: 19.07.2024
Spørsmål om stillinga:
Dagleg leiar: Catherine Stigen Bøen
telefon: 481 67 122
e-post: catherine.stigenboen@vekstra.no
Send kortfatta søknad med cv til: post@oks-as.no