Nye krav til kasseapparat
Alle nye kassesystem som blir kjøpt, leigd eller solgt etter 01.01.17 må vera i henhold til nye krav. Innan 01.01.19 må eksisterande system (kjøpt før 01.01.17) bytast eller oppdaterast.
Skattedirektoratet har publisert ei oversikt over kva kassesystem som oppfyller dei nye krava. Det blir anbefalt at ein alltid sjekkar om systemet står oppført på denne lista før ein skaffar seg nytt kassasystem. Lista finn du her.
Ved innkjøp av nytt kasseapparat skal det ligge vedlagt produkterklæring som viser at systemet følg regelverket. Denne erklæringen skal oppbevarast saman med apparatet.
Formålet med det nye regelverket er bl.a. å redusere svart økonomi i kontantbransjane.
For meir informasjon angåande dei nye krava kontakt oss.