Økonomiservice AS

View Original

Koronasituasjonen for næringslivet per 19.03.2020

Det har dei siste dagane kome fleire nye avklaringar rundt handtering av den økonomiske usikkerheita, samt tillegg til den økonomiske krisepakka. Vi har skissert nokre få av desse under:

Arbeidsgiveravgift

  • Arbeidsgiveravgifta senkast med fire prosentpoeng i to månader.

Utbytte

  • Styret har overordna ansvar for at det ikkje delast ut høgare utbytte enn det som er forsvarleg. Styret må i den situasjonen vi er inne i no vurdere nærare om det skal delast ut utbytte.

Framleis drift

  • Koronaviruset vil medføre at styret og leiinga må ta omsyn til det ved vurderinga av framleis drift ved avlegginga av rekneskapet 2019.

Eigenmelding

  • Arbeidsgjevarar skal godta eigenmelding for heile den noverande arbeidsgivarperioden på 16 dagar. NAV vil ikkje nekta refusjon av sjukepengane fordi arbeidstakaren har brukt eigenmelding framføre legeerklæring.

Vekstra legg kontinuerleg ut informasjon dei meiner er nødvendig, dette kan du lese her.

Kan også finne mykje nyttig informasjon frå Regnskap Norge, dei legg ut oppdatert informasjon her.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål rundt dette og andre forhold.