INFORMASJON VEDRØRANDE KORONA-SITUASJONEN
INFO OM KOMPENSASJONSORDNINGANE
Kontantstøtte til dekning av uunngåelege kostnadar.
Dette gjeld i første omgang mars, april, mai.
Dei som kan søke er
-Føretak registrert i Føretaksregisteret
-Enkeltpersonføretak registrert i Føretaksregisteret
-Det er mange unntak og krav. Les meir her.
ENDRING I MOMSSATS
Frå og med 1. april til og med 31. oktober reduserast låg momssats frå 12% til 6%. Teneste levert før 1. april skal fakturerast med 12%.
UTSETT FRIST FOR SKATTEMELDING
Fristen for innbetaling av meirverdiavgift for 1. termin 14. april er utsett til 10. juni.
Leveringsfristen for skattemelding for næringsdrivande 2019 er utsett frå 31. mai til 31. august. Skatteetaten oppfordrar uansett til å rapportere pliktige opplysningar tidlegast mogleg.
Vekstra legg ut mykje nyttig informasjon her.
Du kan også finne nyttig informasjon frå Regnskap Norge her.