Aksjeselskap som har fråvalgt revisjon, treng ikkje revisor i forbindelse med avvikling og mellombalanser.
Avvikling av aksjeselskap:
Frå 1.januar 2019 slepp aksjeselskap som har fråvalgt revisjon å revidere avviklingsrekneskapet. Frå 1.mars 2019 gjeld det samme for avviklingsbalansen, fortegnelsen og sluttoppgjeret.
Avviklingsstyret blir fjerna som eit eige selskapsorgan. I staden blir det frå 1.mars 2019 det sittande styret som har ansvaret for å avvikle eit aksjeselskap. Det samme gjelde for allmennaksjeselskaper.
Mellombalanser:
Aksjeselskap som ha fråvalgt revisjon av årsrekneskapet skal slippe unna å måtte revidere mellombalanser som blir nytta som grunnlag for utdeling av ekstraordinært utbytte og andre disposisjoner. Aksje- og allmennaksjeselskap må sende mellombalanser til Regnskapsregisteret. Mellombalansen vil bli offentlig tilgjengelig informasjon på samme måte som årsrekneskap.